Eg kom til Kristoffertunet 10. mai år 2000, saman med Valdemar som då var litt over fem år, og Ezra som var nesten fire.
Den gongen eigde me ingenting av Nedre Rotvoll gard, men vi leigde jord og nokre bygg/ delar av bygg frå fylkeskommunen. Der som det no er vevstove, var der fjøs med kyr, sauer, hest, esel og høner. Butikken var berre der som det no er inngang og toalett til Solstua, og den var open nokre timar to gonger i veka. Bak butikken (halve solstua no) var der eit slags lite samlingsrom.
Kristoffertunet var prega av einslege foreldre; det første året eg var der, var der tre einslege mødrar og to einslege fedrar, med til saman ti barn. Det var også prega av gjennomtrekk av medarbeidarar; ved utgangen av år 2000 var der berre éin medarbeidarar som hadde vore der sidan før det året begynte (og han hadde kome i ’99). Og dette var alt andre eller tredje gongen i Kristoffertunets historie at det hadde vore ei nesten total utskifting av medarbeidarar. Så eg bestemte meg for å verta medarbeidaren som blei verande.
Same år som eg kom dit, kom også Ole og Brigitte og alt saftutstyret frå Ølen. Det blei starta opp både safteri og bakeri, og butikken vart utvida voldsomt og fekk meir regulære opningstider, og dagtilbodet vart ein stor del av livet på Rotvoll. Ole og Brigitte budde ikkje så lenge på Kristoffertunet, men var aktive i «Det Økologiske Hus», som denne delen av verksemda vart heitande, i mange år.
I 2010 (eller var det før?) gjekk Kristoffertunet, med bufellesskapet og vevstove, gartneri og småbruk,  og Det Økologiske Hus, med butikk safteri og bakeri, saman under det nye namnet Camphill Rotvoll. Eit viktig skritt for å binda saman den delen av verksemda som hadde med bufellesskapet, og det som hadde med arbeidslivet og dei som kom inn på dagtid å gjera, var bygginga av Solstua, og det at vi møttest i eit felles måltid kvar dag.
Eg budde på Kristoffertunet i 13 - 14 år (det siste året var eit «sabbatsår», så eg veit ikkje om eg skal rekna det med). Og var då eg drog den medarbeidaren som hadde budd lengst der – men no er der vel opptil fleire som har slått rekorden min! for Kristoffertunet blei etterkvart ein plass der folk slog seg ned, og ikkje berre ein stad folk reiser gjennom på veg til noko anna.
Eg gratulerer hjarteleg med 30-årsdagen!
Elisabeth Husebø